Kasjmirgeit




Vinter beiting på brakje.

Me er ein av svært få i landet som driv med kasjmirgeit. Me har geitene for kjøt, ull og kulturladskapspleie. Ikkje noko dyreslag kan måla seg med geita når det gjeld beiting/rydding av busker og kratt. For at geita skal trivast treng ho ein del trær/einer eller liknande å gnaga på. Forsøk har vist at dersom forholda ligg til rette for det, tek geita opp til 40% av foret i form av brakje eller liknande.

 Mi erfaring er:La geita eta krattet og beit med andre dyr i etterkant. Då får du flotte beiter. 

                

        

 Dei vaksne geitene går  for det meste ute om vinteren. Me forar dei kvar dag og dei har hus dei kan gå inn i ved dårleg ver. Det kan sjå ut som kasjmirgeitene tåler snø og kulde godt. Det dei likar minst er vått vær, spesiellt på vinterstid.  

Foring på vinterstid
På menyen står:

  • Høy
  • Brød
  • Mjøl
  • Silo

Ellers et dei det meste. Vekstar som andre dyreslag nesten ikkje rører, likar geitene svært godt.

  • Einer/brakje
  • Gras
  • Busker/kratt


Dette er kjena til gråskimla.

På skogstur!


Hopp og sprett i solnedgang!


Kalkunar og geit går godt ilag.

Me ventar på brød!


                      
                               Geitena på haugen nedom huset hjå oss. Ein sommarkveld i 2005

             
                       Kasjmirgeit på vinterbeite. Her har eg fora dei med brød, mjøl og høy.
                       Utsikt mot Nesvatnet og Mangersfjorden med Sture i bakgrunnen.  

                 
                               
                               
                               
                                                      

             
                                                            all©Børsen