Dette er bilder av
moskusender. Denne ande-rasen egnar seg svært godt til hage-ender. Dei
er flinke til å eta sneglar.
Har du problemer med brunsneglar i hagen. Kan det vera lurt å anskaffa
seg eit par moskusender.
Moskusender er trivelige snille fuglar. Dei er svært tillitsfulle.
Desse endene kan fly, så i enkelte tilfelle kan det vera aktuellt å
klippa vengefjør, så dei ikkje skal stikka av.Sjølv synest ikkje eg
dette er så god løysing. Endene skal ha det mest muleg
naturleg. Mitt tips er å fora dei to gongar for dagen. Då føler
dei større tilhørighet til heimen og har ikkje ha så stor
utferdstrang.
Moskusendene treng ein plass dei kan gå inn (lite hus eller lignande).
Dei har behov for reint vatn kvar dag, men treng ikkje nokon stor badedam,(
en litt stor badebalje kan vera nok). Når det gjeld mat så likar dei
godt brød og mjøl. Ellers går dei rundt i hagen og et gras, sneglar og
småkryp. Hageblomstrane får stort sett stå i fred.
|